Search form

1. Mosebok 1

Gud skaper verda

1I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. +-2Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. - 4Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så. 7Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. +- 8Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. - 10Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

11Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så. 12Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. 13Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.

14Då sa Gud: «Det skal verta ljos på himmelkvelven. Dei skal skilja mellom dag og natt og vera merke på høgtider, dagar og år. - 15Dei skal skina på kvelven og lysa ut over jorda.» Og det vart så. 16Gud skapte dei to store ljosa, det største til å råda om dagen og det minste til å råda om natta, og stjernene. - 17Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa ut over jorda, 18til å råda om dagen og natta og til å skilja ljoset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt. 19Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

20Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.» 21Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. 22Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!» 23Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.

24Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. 25Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.

26Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» - 27Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. - 28Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» - 29Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. - 30Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. 31Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Bibelen 1978/85 nynorsk

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

More Info | Version Index